Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Informasjon om vaksinering mot influensa for innbyggarar i risikogruppa

Klikk for stort bilete   

Etter FHI si oppmoding om å nå ut til flest mogleg innbyggarar i risikogruppa med influensavaksine gjer Fjaler kommune no tilbod om gratis vaksine mot influensa. Vaksina er førebels forbeholdt personar i risikogruppene.

Du kan ta influensavaksine følgande tid og stad:

  • Dale: Torsdag 5. november kl. 09.30 – 13.30 - dansesalen i nybygget knytta til Fjalerhallen
  • Dale: Fredag 06 november kl. 09.30 – 13.30 - dansesalen i nybygget knyta til Fjalerhallen
  • Våge: Måndag 09 november kl. 09.30 – 13.30 - grendahuset på Våge
  • Guddalen: Torsdag 12 november kl. 09.30 – 13.30 - gymsalen i skulebygget
     

Risikogrupper er definert som:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko
  • Barn og vaksne med:
    - Diabetes type 1 og 2
    - Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    - Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - Nedsatt immunforsvar 
    - Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • I tillegg anbefalast influensavaksine til:
    - Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
    - Svinebønder og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.
     

Om du har anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, må du kontakte legekontoret på telefon 57738180.