Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Informasjon om vaksine mot covid-19 til deg over 65 år

Klikk for stort bileteBilete lånt frå Folkehelseinstituttet
Du som innbyggar over 65 år og som ikkje har fått tilbod om vaksine mot covid-19 enno, kan vere trygg på at du står på listene våre over dei som skal få tilbod om å ta vaksinen. Vi tek kontakt på telefon med alle som skal vaksinerast. Du får då tid og stad for vaksineringa. 

Vaksineringa i Fjaler kommune følgjer den nasjonale prioriteringslista til FHI, og vi ber deg om å lese informasjonen under om kor langt vi har kome i vaksineringa. Då er det lettare å sjå kvar i prioriteringslista du høyrer heime.

  • Vi ringjer no til aldersgruppa 75-84 år etter alder: Dei eldste blir vaksinerte først. Er ektefelle innan same gruppe (75-84 år) vil dei får tilbod om vaksine samtidig.
  • Neste gruppe som vil få tilbod om vaksine er gruppe 5: Alder 55 til 64 år med underliggjande sjukdommar/tilstandar.
     

Status vaksinering, grafisk framstilling:

Klikk for stort bilete 

Vaksinane vi får framover er frå Pfizer og AstraZeneca. Vaksinen frå AstraZeneca skal ikkje gjevast til innbyggarar frå 65 år og oppover eller pasientar med høg risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom. Den skal difor gå til helsepersonell i første omgang. Deretter skal denne vaksina prioriterast til gruppe 5, som er innbyggarar under 65 år. Vi veit no at vi får fleire doser av AstraZeneca enn det vi treng til helsepersonell, og vil difor begynne å vaksinere i gruppe 5. Dette fører til at nokre innbyggarar under 65 år vil bli vaksinerte før dei som er over 65 år og/eller er i høgrisikogruppe. 
 

Innbyggarar i risikogruppene:

Fastlegane har laga oversikt over pasientar i risikogruppe. FHI operer med to risikogrupper, desse finn du informasjon om FHI sine heimesider via denne lekkja.

1. *Høg risiko: høyrer til i gruppe 4 og skal ha Pfizer eller Moderna vaksine.

2.  **Pasientar med underliggjande sjukdom: skal ha same vaksine som befolkninga elles.

Innbyggarar i Fjaler som er i risikogruppe 1, høg risiko, vil bli kontakta av kommunen i løpet av kort tid. Har du fastlege i ein annan kommune og du meiner at du er i høg risiko grunna underliggjande sjukdom, ber vi deg om å ta kontakt med din fastlege. NB: Dette gjeld berre dei med høg risiko.
 

Ikkje ta i mot tilbod frå andre enn det offentlege helsevesenet

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit meiner det er grunn til å tru at svindlarar kan utnytte at folk ventar på vaksine og informasjon frå det offentlege om når dette kan bli. Vi ber deg om ikkje å ta imot tilbod frå andre enn det offentlege helsevesenet. Vaksinen er gratis.

Vi ber om forståing for at situasjonen kan endre seg raskt, men vi vil ha oppdatert informasjon på kommunen sine heimesider til ei kvar tid.