Informasjon om testing av covid-19 i Fjaler kommune

Klikk for stort bilete 
Alle kommunar skal no ha kapasitet til å teste 5% av innbyggjarane dersom lege mistenker dei har Covid-19.

Informasjon om testing av koronavirus

I Fjaler har ein oppretta «Drive-thru» testing kvar yrkesdag mellom klokka 11.00 og 12.00. Testinga vert gjort medan pasienten set i bilen. Ein må gjere avtale pr. telefon ved å ringe legekontoret på telefon 57 73 81 80.  
 

Symptom

Symptom på sjukdomen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevansker.

Les meir på folkehelseinstituttet sine nettsider
 

Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking:

  • Fastlegekontoret i Dale på tlf. 57 73 81 80
  • Legevakt på tlf. 116117