Informasjon om legetenesta i Fjaler kommune under ferieavviklinga

Ferieavvikling er alltid ei utfordring for kommunehelsetenesta som skal vere tilgjengeleg for innbyggarane til ei kvar tid på døgnet og alle dagar.

Det som hastar må prioriterast først

Det som hastar, som øyeblikkeleg hjelp og andre alvorlege symptom og tilstandar som ikkje bør vente, må difor prioriterast først. For dei som treng sjukemelding eller reseptar vil det også være ope for det.

Den interkommuenale legevakta i Førde (SYS IKL) har vanlege åpningstider frå kl. 15.30 og fram til neste morgon kl. 08.00, og heile døgnet i helgar (telefonnummer 116117,  eller 113 ved akutt alvorleg hending).

Utanom desse tidene  vil det vere lege på vakt lokalt i Fjaler og legekontoret er ope på dagtid. Ein kan ringe det ordinære telefonnummeret 57 73 81 80.
 

Vent med å bestille legetenester som kan utsettast til over fellesferien

Det er bra om ein kan vente med bestilling av andre legetenester og anna som kan utsettast til over fellesferien. Frå august av vil drifta bli meir normal.
 

Kommuneoverlege i Fjaler

Hans Johan Breidablik