OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Informasjon om Fastlegefunksjonen i Fjaler kommune utover i 2022

Fjaler kommune har frå tidlegare hatt ei stabil fastlegeteneste over ei årrekke. Dette vart endre våren 2022 ved at to av tre fastlegar slutta i stillingane sine.

Det er utfordringar med å få nye søkarar til fastlegestillingar over heile landet, og det same gjeld også for Fjaler.

For å kunne tilby befolkninga i kommunen naudsynte primærhelsetenester har løysinga difor vorte å bruke vikarlegar.  Fram til at kommunen vonaleg greier å rekruttere nye faste legar i 2023 vil ein difor måtte gjere nokre tilpasningar framover i 2022.

Fastlege dr. Werner Garre Fivesdal held fram uendra frå tidlegare med sine listepasientar.

Resten av befolkninga vil stå på ei felles fastlegeliste på til saman 1600 personar, og vil kunne få legetenester framover frå følgande legar:

  • Dr. Casper Tidemandsen : Vikarlege i 100 % stilling som har vore i kommunen dei siste månadane, og vil halde fram ut 2022. Har vil også stå for legetenester i Helsestasjonen/Skulehelsetenesta.
  • Dr. Stig Andre Normann: Spesialist i allmennmedisin og til vanleg fastlege på Askøy. Han har sagt seg villig til å vikariere fast ei veke i månaden i Fjaler (25 % stilling) framover.
  • Dr. Torgeir Tidemandsen: Har vore vikar i avgrensa periodar allereide i Fjaler, og vil kunne fortsette med dette framover. Han er spesialist i indremedisinske fagområder og har ein omfattande erfaringsbakgrunn i norsk helseteneste.
  • Dr. Markus Tungodden skal ha såkalla LIS1-tenestetid i kommunen 100 %  frå september 2022 og i 6 månader framover (tidlegare kalla turnusteneste).
  • Dr. Hans Johan Breidablik: Spesialist i allmennmedisin, samfunnsmedisin og øyre-nase-halssjukdommar. Kommuneoverlege/smittevernlege i 40 % stilling, og vil kunne ta også pasientbehandling i inntil 20% stilling dersom det blir særskilt behov for dette i perioden. Han er i tillegg tilsynslege ved sjukeheimen

Kommunen ber om forståing frå befolkninga for at ikkje dei som ønskjer dette kan få ein bestemt fastlege å stå på lista til førebels. Men ein kan be om å kome til same vikarlege fleire gonger om det vil høve. For tilstandar med noko hast vil ein få tildelt tilgjengeleg lege.

Vi meiner at ventetidene på timar til legekonsultasjon skal vere rimeleg korte framover med dette systemet.

 Kommunen vil så arbeide fortløpande mot å kunne rekruttere nye faste legar framover i 2023.

Andre spørsmål eller synspunkt kan rettast til kommuneoverlege Hans Johan Breidablik på tlf. 90182853 eller e-post til hans.johan.breidablik@fjaler.kommune.no

 

Heidi Roos, tenesteleiar

Hans Johan Breidablik, kommuneoverlege

Til toppen