Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Informasjon om 3. dose med koronavaksine til personar med nedsett immunforsvar.

Illustrasjon av vaksine - Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet For å få 3. dose må du dokumentere at du tilhøyrer ein av dei utvalde gruppene med alvorleg nedsett immunforsvar. Pasientar i dei utvalde gruppane vil motta eit brev frå spesialisthelsetenesta som dei tar med seg når dei skal møte opp til vaksinasjon.

Det må gå minst 4 veker mellom 2. og 3. dose.

Dersom du skal ha ein 3. vaksinedose må du ha klar dokumentasjon og gi beskjed til kommunen på telefon 577 38 000 før klokka 14.00 dagen før vaksinering. 

Det kan ta tid før brevet frå sjukehuset kommer, difor er det mogleg å bestille seg time til dose 3 nå, men du må da kunne dokumentere kva gruppe du tilhøyrer:

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande graft versus host- sjukdom som krev immunsuppresjon
  • alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • aktiv dialysebehandling og pasienter med kronisk nyresvikt stadium 5
  • avansert eller ubehandla HIV-infeksjon

Alle som har ein diagnose, jamfør lista for gruppe 1, kan syne fram notat frå sjukehus der det går fram kva diagnose dei har, dersom dei ynskjer vaksine før brev frå sjukehuset er motteke.

Gruppe 2

  •  Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak:
    Dei som nytter immundempande medisin som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa kan ta med seg dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e-resept eller medikamentpakning der eige namn går fram på pakken.
     
  • Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling:
    Desse må vente på brev frå spesialisthelsetenesta då det må gjerast ei individuell vurdering for å få best effekt av vaksinen og unngå unødvendige biverknader
     
  • Pasientar som av ansvarleg sjukehusspesialist vert vurdert å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor:
    Desse må og vente på brev frå spesialisthelsetenesta av same årsak

 

Informasjonen pasientene tar med til vaksinasjon er taushetsbelagt informasjon etter helsepersonellovens § 21. Kommunen behandler all personsensitiv informasjon innenfor lovverket.

Pasientene må sjølv velge om dei vil vise personsensitiv informasjon. Hvis dei ikkje ynskjer dette vil dei etter kvart motta eit brev frå spesialisthelsetjenesta der det viser at dei er i ei gruppe som kan motta eit tilbud om tredje dose, og pasienten kan velge å vente på dette.