Hurra for 17. mai i heile Fjaler!

Klikk for stort bilete Her finn du programoversyn for 17. mai i Dale, Flekke, Guddal, Straumsnes, Hellevik og Våge . Vi ønskjer ein fin og varm feiring for alle! Til musikarar og talarar, til dei som lagar program og mat og spesielt til alle frivillige på 17. mai!

(Foto er frå 17. mai toget i Dale 2015)

Hipp hipp hurra for 17. mai! Velkomen til feiring av nasjonaldagen:

Dale

08:00 Salutt. Korpset spelar i Hagehola

11:00 Gudsteneste i Dale kyrkje

12:15 Kransnedlegging ved 6. klasse Dingemoen skule
Allsong: «Gud signe Noregs land». Trekkspel ved Andreas Ramstad. 

12:50 Oppstilling til barne - og folketog ved Helsetunet
Rekkefølgje: Norske flagg – Dale musikkorps – Dingemoen skule – UWC – Barnehagane – Dale ungdomslag – Dale idrettslag – Dale bondelag – andre

13:00  Salutt – Musikkorpset spelar «Ja vi elsker», så går toget
Rute: Frå Helsetunet – hovudvegen mot Trudvang – Fjalerhallen

13:20 Matøkt i Fjalerhallen og leikar på idrettsbana

14:00  - ca 15.30 Programfest
Korpset spelar, tale for dagen ved Ole Klausen, barneleikarringen, russetale, UWC, allsong: «Fagert er landet». Trekkspel ved Jan Haugen

Leiar i 17. mai nemnda Dale 2019: Ola Hovland. Programnemnda: Martin Lundgård. Matnemnda: Elisabeth Boge Sande.

Om kvelden spelar «Megger i medvind» sin siste meggerevy i Trudvang. Forestilling 17. og 18 . mai og 24. og 25. mai kl 20.00. Billettar på ticketco.no

 

Flekke

Program på dagtid

11:45 Oppstilling av toget på skuleplassen

12:00 17.mai toget startar runda frå Flekke skule - ned til Joker og opp til ungdomshuset.

Rekkefølgje på toget: Dale musikkorps - 2 store norske flagg - Talar på dagtid i ungdomshuset + leiaren i 17. mai nemnda - Barnehagen - Skulen - Fana til ungdomslaget + medlemmar - Flaggborg UWC - Resten av folket

12:30  Program i ungdomshuset

  • Velkommen v/ leiar i nemnda, Anita Nyland Skaar
  • Allsong
  • Tale v/ Erik Sølvberg
  • Programinnslag med kulturskuleelevar

13.30 På skuleplassen/ i gymsalen:       

Sal av graut m/ spekemat og kaker/ kaffi i gymsalen. Pølser, is, brus og kaffi i kiosken. Leikar på skuleplassen og natursti.

20:00 Festprogram på kvelden i ungdomshuset

  • Velkomen v/ Anita Nyland Skaar.
  • Allsong
  • Bondeguten v/ Liv Kyrkjebø
  • Programinnslag/song med Hilde Igelkjøn og Kåre Sandvik
  • Programinnslag med UWC-elevar
  • Finalar og premieutdeling
  • ca. kl. 21.30 Dans med Dalsfjorden spelemannslag

Hellevik

Feiring i kafeen ved butikken.

10:30 Tog med Dale Musikkorps.
Etterpå vert det tradisjonell feiring med rømmegraut, pølser, is, leik og moro til kl 17!

For matservering er det påmelding på facebook/ sms til Merete tlf 901 62 770 eller ved svarslipp i butikken (i kassa). Om de av ulike grunnar ikkje får meldt dykk på, er de sjølvsagt velkomne likevel.

Guddal  

10:45 Tog frå Guddal skule. Vadheim Musikklag spelar

13:00 Gudsteneste i Guddal kyrkje

14:00  På skulen: Leikar, sal av mat. Kl 16:00 Premieutdeling

 

Straumsnes

13.30 Program i grendahuset.

  • Attersyn frå "Sysvorta " ved Hjørdis Åsnes.
  • Leikar og konkurransar.
  • Allsong
  • Sal av rømmegraut, risengrynsgraut, pølser, is, brus, kaffi og kaker

 

Våge

Dagtid

11:00 Gudsteneste i Folkestad kapell.

Tog til grendahuset. Jan Baug slår på skarptromme.

12:30  Program i grendahuset.

Opning ved leiar i 17. mai komiteen, Marthe Eimind. Fellessong "Ja vi elsker". Song og dans av "Grendajentene" Tale ved Stein Arne Ottesen. Musikkstykke på piano ved Øyvind Einen. Avslutting med fellessong "Fagert er landet".

Servering av rømmegraut, lasagen, kaker og kaffi (også glutenfritt) Kiosk med sal av pølse m/ brød, brus, is og snop.

Leikar og tevlingar for store og små. Hesteskokast, spikar i planke, skyting, natursti, tipping på spekeskinke og snopeglas, pilkast, ball på boks  .. til kl 16.15. Premieutdeling kl 16.30

Kveldstid

20:00 Framhug UL syner skodepelet “Der fikk du!” Ein komedie i to akter.

Dans etterpå med “Hunkydory” til kl.02:00. 18 års aldersgrense. Kiosk med sal av drikke og og pølser ( har skjenkebevilling) 

Billett skodespel:  vaksen kr 250,- / barn under 15 år kr 150,- . Fellesbillett skodespel og dans kr 350,-. Berre dans kr 200,-

Skodespelet har generalprøve 15. mai kl 19.00 . Dørene opnar 18.30

 

Med atterhald. Ser du noko som ikkje stemmer eller er med, ta kontakt med Frivilligsentralen, Margrete tlf 57738020 frivilligsentralen@fjaler.kommune.no  så skal det bli fiksa!