Høyring - kriterie for tenestetildeling i Bistand og omsorg

Hagen til Lilly - Klikk for stort bilete Mottakskontoret held til i andre etasje på Helsetunet i Dale og er saman med aktuell lagleiar ansvarlege for handsaming av søknadar og rettferdig tildeling av tenester.

Mottakskontoret er koordinerande eining for brukarar med samansette og langvarige behov for tenester, og tilbyr rettleiing til brukarar og pårørande.

Sakshandsaminga skal utøvast etter gjeldande lover og forskrifter, og brukarmedverknad står sentralt i denne prosessen.

 

Bistand og omsorg sender no forslag tilkriterie for tenestetildeling ut på høyring.

Delar av dokumentet kom diverre ikkje med i førre publisering. Nytt dokument er publisert i dag 28.05.2018.

 

Merknader kan sendast på e-post til post@fjaler.kommune.no
  
eller per post til:
 
Fjaler kommune

Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

 

Høyringsfristen er satt til 31.08.2018.