Høyring - Helse- og omsorgsstrategi Fjaler kommune 2018 - 2030

Helse.jpg - Klikk for stort bilete Det vart vedtatt i kommunestyret 14.12.2015 at Fjaler kommune skulle starte eit omfattande helsestrategiarbeid for å gjere kommunen i stand til å møte framtidige helse- og omsorgsutfordringar. Arbeidet starta hausten 2016 då Fjaler kommune engasjerte HIFUS/v Anette Wolff som prosjektleiar. Formell styringsgruppe for helsestrategiarbeidet har vore formannskapet inkludert gruppeleiarar i Fjaler som ikkje er i formannskapet samt hovudverneombod og to tillitsvalde.

Kort oppsummert så er det nasjonale og lokalpolitiske føringar, samt kunnskap om lokale utfordringar og behov, som ligg i botnen for heile arbeidet. I tillegg har arbeidsperioden bestått i å utføre innbyggarundersøkingar og ha møter med tilsette, tilsettegrupper, arbeidslag, demensteam, velferdsteknologiteam, brukargrupper, frivillegheita og grendalag.

Strategien er organisert i eit dokument med hyperkoplingar for at det skal vere mest mogleg lettlest, men likevel at mest mogleg dokumentasjon og underlagsdata skal vere tilgjengeleg. Samleside for strategien finn du her.

Helse- og omsorgsstrategien i heilskap finn du her.

Helse- og omsorgsstrategien vert no lagt ut på høyring. Vi inviterer tilsette, lag, organisasjonar, innbyggjarar og andre interessente til å kome med innspel som gjeld helse- og omsorgsstrategien for Fjaler kommune.

Frist for høyringa er 10. januar 2018. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@fjaler.kommune.no og merkast "høyringsuttale helse- og omsorgsstrategi".