Hagerømlingar og andre artar på avvegar

Parkslirekne - Klikk for stort bilete Innførte artar med evne til å formeire seg i naturen, har med åra blitt eit vesentleg problem også i Fjaler.  Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har laga ei brosjyre for å orientere om problemet, der ein og kan finne råd om tiltak slik at ein kan bidra til å ta vare på naturmangfaldet i fylket.

 

 

 

Hagelupin - Klikk for stort bilete Brosjyra gjev informasjon til hageeigarar, planteutsal og entreprenørar om dei viktigaste skadelege artane i fylket, og om korleis ein kan identifiserast dei, kva negative verknader dei har, og kva tiltak som kan vere aktuelle for å bekjempe dei ulike artane.  I tillegg er det råd om rett handtering av hageavfall og flytting av jordmassar, som kvar på sine vis er viktige spreiingsfaktorar for framande skadelege artar.

 

Last ned brosjyra: "Hagerømlingar og andre artar på avvegar", i nettutgåva er det lenker til nettsider med informasjon om mange av artane, mellom anna korleis dei best kan nedkjempast.

Du kan også få brosjyra ved å vende deg til Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler

Publisert av Velaug Helle Eikemo. Ansvarleg Johannes Folkestad. Sist endra 06.04.2017 14:00 av Eikemo, Velaug
 
 
Login for redigering