Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

  • Ved positiv hurtigtest: Ring 46 81 29 60 for rådgjeving, kvardagar 08.00–20.00, helg 10.00–16.00. Ved positiv hurtigtest utanom opningstida, ber vi deg gå i isolasjon og kontakte nærkontaktar sånn at dei går i karantene. Ring smitteverntelefonen når den opnar for hjelp til vidare smittesporing
  • Vaksinespørsmål: Ring 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)
  • Andre spørsmål om korona: Ring 97 69 74 37 (kvardagar 09.00–14.00)
 

Grønt tiltaksnivå i barnehagar, skular og vaksenopplæring

  
Barnehagar, skular og vaksenopplæring i Fjaler vert sett på GRØNT tiltaksnivå frå 15. januar


Regjeringa rår til at tiltaksnivået for barnehagar, skular og vaksenopplæring vert sett på grønt nivå frå laurdag 15. januar.

Kommunane må gjere eigne vurderingar av situasjonen lokalt og sette tiltaksnivået deretter. Fjaler kommune har vurdert smittesituasjonen i Fjaler i dag, og vurdert at nivået vert sett på grønt.