Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 og seinare

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksina anbefalast til unge kvinner for å forebygge livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Tre og foss - Klikk for stort bilete

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarende infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdommen. Vaksina kan gie vern sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksina har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 måneder og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

 

I Fjaler kommune kan kvinner t.o.m. 19 år kontakte Fjaler helsestasjon eller helsesøster på Dale vidaregåande skule.

Er du 20 år eller eldre kan du kontakte legekontoret i Fjaler.

 

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine finn du på Folkehelseinstituttet si nettside.