Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Gjenopning av Dagsturhytta Vidsyn

Klikk for stort bileteBygdeheia IOT  

Dagsturhytta Vidsyn har vore stengt store deler av «korona –perioden». Fjaler har vore litt ekstra streng på dette – vi ser at dei aller fleste dagsturhyttene i området held ope.

Vi ynskjer no å opne denne i påska og for sesongen. Det er oppfordra til mindre mobilitet – og då er det viktig at vi har nokon lokale stader å oppsøke.
 

Vi ber folk vera flinke til å bruke handsprit som ligg på hytta, ta minst mogeleg på overflater og halde avstand.