Formannskapet er samrøystes i saka om fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK

Klikk for stort bilete

Eit samrøystes formannskap har i  dag  vedteke følgande:

1.Fjaler kommune sin representant ved generalforsamlinga i Sunnfjord Energi Holding AS den 26.06.2019 skal stemme ja til fusjon mellom Sunnfjord Energi Holding AS og BKK AS slik fusjonsplanane er presentert i innkallinga til generalforsamlinga

2.Dersom generalforsamlinga ikkje vedtek fusjonsavtalen,vert den framforhandla avtalen mellom BKK AS og Fjaler kommune effektuert.
 

Formannskapet sine hovudargument for konklusjonen er utviklingsperspektivet knytt til nye kompetansearbeidsplassar i Fjaler og regionen elles. 

Spesielt ser ein på BKK si satsing og målsetting om å bli størst i Norge på elektrifisering og potensiale for næringslivet innafor det grøne skiftet til å kunne ta del i denne utviklinga framover.

 

Saka skal handsamast i kommunestyret den 17.juni