Forlenga frist for spreiing av husdyrgjødsel

Gûlling - Klikk for stort bilete På grunn av vertilhøva har Fjaler kommune v/kommunalesjef landbruk forlenga fristen for spreiing av husdyrgjødsel til 30.09.2017

.

Generell forlenging av spreiefristen er gjeven med følgjande atterhald:

Det skal berre spreiast den mengde som må til for å skaffe nok lagerkapasitet til den husdyrgjødsla som vert forventa produsert fram til neste spreiesesong.

Gjødsla skal spreiast snarast mogeleg på slike areal og på ein slik måte at avrenning til elvar og vatn vert redusert mest mogleg.

Ein skal forsøke å nytte dei moglegheitene som ligg i nedmolding. Her er fristen 1. november

Ein skal undersøke om det finst løysingar med mellomlagring innanfor rimeleg transportavstand frå driftssenteret

Publisert av Velaug Helle Eikemo. Ansvarleg Johannes Folkestad. Sist endra 22.09.2017 av Velaug Eikemo
 
 
Login for redigering