Foreldreundersøking i barnehagane i Fjaler

vår krokus.jpg - Klikk for stort bilete

Barnehagane i Fjaler gjennomfører foreldreundersøking i løpet av november månad. Foreldreundersøkinga gir deg moglegheit til å seie di meining om barnet sin trivsel og andre forhold ved barnehagen. Undersøkinga skal først og fremst brukast for å gjere barnehagen betre. Resultata dannar grunnlag for dialog mellom barnehagen og foreldra om tilbodet i barnehagen. Resultata frå undersøkinga vil også inngå i statistikk som blir utarbeidd i Utdanningsdirektoratet, og kan inngå i kommunen sitt arbeid med kvalitetsutvikling i barnehagen.

For meir informasjon, kontakt barnehagen din.
Du finn også mykje informasjon på Utdanningsdirektoratet si heimeside.

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Ansvarleg Gro Rysjedal. Sist endra 06.11.2017 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering