Førehandsrøysting frå 12.august 2019

Klikk for stort bileteFrå 12.august kan du førehandsrøyste på Fjalerhuset. Ta med deg legitimasjon og valkort. Du treng ikkje valkort for å røyste, men det går raskare om du tek det med.

 

Førehandsrøysting frå 12. august på Fjalerhuset

Frå måndag 12. august og til og med 6. september 2019 kan du førehandsrøyste. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet du ønskjer, i heile landet. Finn vallokale i kommunen du bur i her: https://valg.no/valglokaler/

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen 9. september.
 

Opningstider

Du kan førehandsrøyste på Fjalerhuset frå 12.august til og med 6.september.

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00

Torsdag 29. august og torsdag 5. september er opningstida utvida til kl. 18.00

Ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til  valstyret i bustadkommunen din innan valdagen.

Vallokalet på Fjalerhuset er også ope søndag 08.september frå kl. 16.00 - 19.00.
 

Førehandsrøysting på institusjon

Det vert førehandsrøysting på Fjaler sjukeheim, Dale vidaregåande skule og Hauglandssenteret siste veka før valet. Dette vert kunngjort med oppslag på institusjonen.
 

Ambulerande røystemottaking (heimerøysting)

Dersom du på grunn av sjukdom ikkje kan møte opp for å førehandsrøyste, kan du søkje valstyret om å få røyste heime. Søknaden må vere valstyret i hende innan 3. september. Du kan sende søknad til post@fjaler.kommune.no eller ringe på telefon 57 73 80 00.