Førebyggande helsesamtale

Førebyggande helsesamtale  1 - Klikk for stort bilete Denne veka set Fjaler kommune i gang med heimebesøk hjå alle over 75 år i ytre Fjaler. Det er ein sjukepleiar og ein fysioterapeut som kjem på besøk. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fjaler kommune og Lions Fjaler.

Vi har søkt og fått prosjektmidlar frå Extrastiftinga til å gjennomføre heimebesøk. Lions Fjaler har vore med i planlegging av prosjektet, og har vore gode støttespelarar så langt. Enoro har donert gåver til deltakarane som vi kjem til å levere ut på besøka, saman med brosjyrar og informasjon.

Heimebesøka er ei oppfølging av undersøkinga vi hadde i fjor, samt eit ledd av helsestrategien. Vi ønskjer å lære meir om korleis personar over 75 år har det, kva treng dei av kommunen, og kva kan kommunen lære av dei. Heimebesøka tek til i september, og held fram til januar.

Vi er spente på prosjektet og håpar at du over 75 år i ytre Fjaler ønskjer å ta i mot desse kjekke damene på bilete!

Lions logo 1 - Klikk for stort bilete