Folkemøte om kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for Dale

I samband med oppstart av arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel og høyring av planprogram blir det arrangert fire folkemøte i januar og februar 2025. I Dale skal det vere eit felles folkemøte for kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for Dale.

Datoar for folkemøte

  • Guddal: måndag 27. januar kl. 20-22. Stad: Guddal skule. NB! Endring i tidspunkt.
  • Våge: onsdag 29. januar kl. 18-20. Stad: Framtun grendehus.
  • Dale: tysdag 4. februar kl. 18-21. Stad: Fjalerhuset.
  • Flekke: torsdag 6. februar kl. 18-20. Stad: Ungdomshuset Vonheim.

Førebels program for folkemøta

  • Informasjonsøkt om planarbeid
  • Framlegg av resultata frå innbyggarundersøkinga
  • Arbeidsverkstad

I folkemøta vil det også vere mogleg å kome med innspel til trafikktryggingsplanen som blir revidert i 2025. 

Vel møtt!