Folkemøte - kommuneplanen sin arealdel

Klikk for stort bilete  

Kommuneplanen sin arealdel 2020-2032 ligg no ute på høyring og offentleg ettersyn. I samband med dette vert det gjennomført ei ny runde med folkemøte i Guddal, Flekke og Våge.

Folkemøta vert lagt opp slik:

  Tidspunkt Stad
Guddal 25.02.2020 kl. 19:00 Guddal skule, gymsalen
Flekke 26.02.2020 kl. 19:00 Flekke samfunnshus (Vonheim)
Våge 03.03.2020 kl. 19:00 Våge grendahus

 

På folkemøta vil kommunen presentere planframlegget som er utarbeidd, og det vil bli høve til å komme med spørsmål.

Vi håpar på godt oppmøte. Vel møtt!