Fjaler ungdomsråd

Vi er glad for at vi har har fått etablert Fjaler ungdomsråd att etter nokon år i dvale. I dag hadde vi fyrste møte med eit fulltallig ungdomsråd med mange spennande saker på agendaen. 

 

Leiar Tonje Roos og nestleiar Peter Ravn i Fjaler ungdomsråd

Dette er representantane: 

Frå Dale vgs: Tonje Roos og Andrine Yndestad Engen

Frå Dingemoen skule: Peter Ravn og Thea Kvile Hjartholm

Frå Våge skule: Ian Andrè Alfheim og Andreas Haugstad.

Ny leiar for ungdomsrådet er Tonje Roos frå Dale vgs og nestleiar er Peter Ravn frå Dingemoen skule.

Koordinator for ungdomsrådet er Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling.

Ordførar Kjetil Felde vert kalla inn til alle møte og prioriterer å delta på desse.