Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Fjaler kommune tilbyr no koronavaksine til barn mellom 12 og 15 år

Illustrasjon av vaksine - Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet

Torsdag 30.09 frå kl. 12.00 – 16.00 vaksinerar vi barn i gruppa 12 – 15 år. Vaksinasjonen vil bli gjennomført på Dingemoen skule. Barn frå Flekke og Våge skule vil få tilbod om skyss til Dingemoen skule.

Om barnet vaksinerast denne dagen treng ein ikkje bestille time.

Er det barn som av ulike årsakar ikkje kan vaksinerast denne dagen kan ein bestille time på torsdagar, som er den ordinære vaksinasjonsdagen i veka. Time til torsdagar kan du bestille her: timebestilling.remin.no/fjaler

 

Barn, opp til dei fyller 16 år, må ha samtykkeerklæring med underskrift frå begge foreldre. I veke 37 fekk alle aktuelle barn skjema og informasjon med seg heim frå skulen.

 

Barn mellom 12 og 15 år får ein dose med koronavaksine.

 

Barn under 12 år

Barnet må vere fylt 12 år for å få tilbod om vaksine. Om de ynskjer at barnet skal ta vaksine ved fylte 12 år etter 30.09.2021 må de ta kontakt med Fjaler kommune på telefonnummer 577 38000