Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Fjaler kommune sin handlingsplan for sjølvmordsførebygging 2022–2025 - høyring


Handlingsplan for sjølvmordsførebygging 2022–2025 er no ute på høyring. Frist for å komme med innspel er måndag 6. desember 2021.

Handlingsplan for sjølvmordsførebygging 2022–2025 (PDF, 964 kB)

Bakgrunn for handlingsplanen

Regjeringa la i 2020 fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord 2020 - 2025, og med den vart det innført ein nullvisjon for sjølvmord i Norge. Det er ei forplikting om å jobbe ut ifrå at vi ikkje har nokon å miste. Nullvisjonen gjeld for heile samfunnet, fordi arbeidet for å førebyggje sjølvmord høyrer heime i alle sektorar. Helsedirektoratet har i samarbeid med kompetansemiljø, tenestene og brukar- og pårørandeorganisasjonar utarbeidd rettleiande materiell for kommunane om førebygging av sjølvskading og sjølvmord. I dette rettleiande materiellet tilrår Helsedirektoratet kommunane å utarbeide ein plan for førebygging, tidleg identifisering og oppfølging av sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Planen skal gjere det tydeleg kva for tenester og einingar som skal ha kva for oppgåver og roller (Helse- og omsorgsdepartementet, 2020).

Vedtak i kommunestyret

18. mars 2021 vart det vedtatt mandat i kommunestyre til å utarbeide handlingsplan for førebygging av sjølvskading og sjølvmord. 

Planen har no blitt utarbeidd i eit prosjektarbeid og samarbeid med Askvoll kommune. Tenester og etatar i kommunane, samt andre organisasjonar og institusjonar har gjeve innspel gjennom å delta på innspelseminar og møte. Tiltaka for sjølvmordsførebygging vil ha eit sterkt fokus på å auke kompetansen til å snakke om vanskelege tema, noko som fører til at tiltaka òg vil verke positivt for personar som er i kriser, og som har vanskar i livet, både med og utan sjølvmordstankar. Dette er også i tråd med Helse Vest RHF sin folkeopplysningskampanje: “Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”. I planen vert det arbeidet som allereie er gjort presentert, og til slutt vert det presentert tiltak - både nye, og tiltak som kan utviklast meir.

Har du innspel til planen?

Send innspel til Fjaler kommune innan 6. desember 2021:

E-post: post@fjaler.kommune.no
Post: Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Mia Laukeland
Fagansvarleg Psykisk helse
E-post
Telefon 917 63 802
Mobil 917 63 802