Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Fjaler kommune sin beredskap under Korona - pandemien

Klikk for stort bilete 
Her finn du informasjon om kommunen si kriseleiing og møteverksemd, samt lokale lnformasjons- og kommunikasjonstiltak.

 

Kriseleiinga består av:

Bente Nesse – kommunedirektør

Kjetil Høgseth Felde – ordførar

Jakob Ravn – smittevernlege

Kjersti Valvik – kommunalsjef helse og omsorg

Heidi Roos – leiar helseteneste

Ingvar Flekke – kommunalsjef oppvekst

Camilla Valvik – personalsjef

Connie Hovland – kommunalsjef teknisk

Annikken Myklebust – økonomisjef

Iris Asperheim – sjukepleiar helse og omsorg

Anita H.Zadig – beredskapskontakt


Kriseleiinga nyttar også andre relevante ressursar ved behov.  Kriseleiinga har fast møte tre gonger pr. veke og elles ved behov.
 

Tema for møta er

  • statussituasjonen  
  • iverksetting av tiltak basert på nasjonale føringar og lokale omsyn
  • gjennomgang av spørsmål og problemstillingar
  • vurdering av kva informasjon som skal ut til tilsette og innbyggjarar

Kriseleiinga deltek også i jamleg telefonmøte med Fylkesmannen der ein får oppdatert informasjon og kan stille spørsmål.
 

Informasjon- og kommunikasjonstiltak sentrale mynde

Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for å handtere ein pandemi. Det inkluderar å formidle informasjon til innbyggjarane.

Det vil bli informert via slike kanalar:

  • Dagleg pressekonferanse (mot media).
  • Tiltak og informasjon på www.pandemi.no (mot alle).
  • Krisetelefon 800 40 085 mot innbyggjarane.
  • Plakatar og informasjonsmateriell frå Folkehelseinstituttet (til helsetenesta og publikum).

 

Informasjon- og kommunikasjonstiltak lokalt

Det er ordførar og kommunedirektør som har ansvar for å informere innbyggjarane, j.fr kommunen sin beredskapsplan.

  • Fjaler kommune brukar si heimeside som hovudinformasjonskanal. Her finn ein oppdatert informasjon frå sentrale mynde samt informasjon om lokale tiltak.
  • Fjaler kommune si facebook side
  • Fjaler kommune sin koronatelefon er open for spørsmål kvardager frå 09 til 14. Telefonnummeret er 976 89 290.
  • SMS varsling vil verte brukt ved behov, m.a. dersom det er endringar og utvikling i situasjonen som vi meiner krev rask varsling til alle innbyggjarar og bedrifter.
  • Om nødvendig vil vi i tillegg bruke NRK Sogn og Fjordane og lokalavisa Firda.

Prøvetaking

Det er eit spørsmål om tid før vi har dei første påviste smittetilfella også i vår kommune. Mikrobiologisk avdeling ved Helse Førde opplyser at det no vil ta ca. to døgn frå prøva er teken og til resultat er klart. Pasienten vil sjølvsagt få direkte informasjon om testresultatet. Legen vil deretter informere kommunen som igjen vil informere gjennom dei offisielle informasjonskanalane som er kommunen si heimeside og facebook side.
 

Legekontoret

Legekontoret har normal drift, og videokonsultasjon med lege er mulig dersom du ikkje kan komme til legen. Vi ber om at pasientar bestiller time og ikkje møter opp direkte på legekontoret. Telefonnummert til legekontoret er 57 73 81 80.

Det er oppretta ein mobil teststasjon for korona på parkeringsplassen framfor det ordinære legekontoret.

Det er framleis travelt på legekontoret. Vi ber om forståing for dette og oppfordrar også innbyggjarane om å søke informasjon på Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, samt her på heimesida til Fjaler kommune.

Ønsker du meir informasjon om korona kan du nytte den nasjonale koronatelefonen som er open kvardagar frå 8 til 15.30: 815 555 015

 


Kjetil Felde, ordførar

Bente Nesse, kommunedirektør