Fjaler kommune sin aksjepost i Sunnfjord Energi - Rådmannen sine vurderingar

Fred over vatnet - Klikk for stort bilete Kommunestyre mandag skal politikarane ta stilling til  ein framforhandla avtale  med BKK om aksjebyte samt ulike  tilleggsytingar. Ei stor og viktig sak,kanskje den største og viktigaste saka som kommunestyre har hatt til handsaming i denne perioden.

Saka får nokre ekstra dimensjonar i seg fordi det er fleire  dialogar og prosessar  i gang når det gjeld eigarstrukturar i energiselskapa for tida. Det er fusjonsforhandlingar mellom BKK og Sunnfjord Energi og  korleis vil det verke inn på Fjaler kommune si sak? BKK stoppa fusjonsforhandlingane mellom SFE og SE. Kva vil det bety på sikt? Vil det bli eit stort fusjonert  energiselskap litt på sikt? Det er mange omsyn å ta og korleis  sikrar Fjaler kommune sine interesser i dette for tida  nokså uoversiktlege bilete.

Rådmann sitt oppdrag er å ta i vare kommunen sine interesser. Kommunestyret har gjort ei bestilling og gjennom 4 mndr med dialog og  forhandlingar med BKK har vi fått ei resultat som eg meiner sikrar kommunen sine interesser på best muleg måte.
 

Kort om BKK og kva Fjaler kommune eventuelt blir del av:

BKK er eit av av dei største og mest innovative fornybarselskapa i landet

  • BKK er eit av av dei største og mest innovative fornybarselskapa i landet
  • I tillegg til kjerneverksemda  som er vasskraftproduksjon og straumnett, satsar BKK stort på elektrifisering. Ambisjonen er å bli  størst i landet.
  • BKK satsar på Vestlandet og meiner nye Vestland fylke kan ta ein viktig posisjon i elektrifiseringa av Norge. Det er stort potensiale for mange nye arbeidsplassar i heile regionen.
  • Fjaler kommune får eigarskap  i eit innovativt selskap med gode framtidsutsikter
  • Fjaler kommune vil framleis ha eigarskap til lokale naturressursar. Både ved at kommunen vert eigar i eit konsern som er største eigar i Sunnfjord Energi, men også fordi BKK har sin produksjon i det nye Vestland fylke.

  • Fjaler kommune vil få betre avkastning som eigar i BKK enn i Sunnfjord Energi
  • Dei siste 17 åra har direkteavkastninga i BKK vore dobbelt så høg som i Sunnfjord Energi
  • Utsiktene for BKK er svært gode i åra som kjem

I skissa til avtale som kommunestyre skal ta stilling til er det ein konkret avtale om aksjebyte. Forhandlingsutvalet  og formannskapet har frå dag 1 i forhandlingane vore tydeleg på at resultat/ avtale om aksjebyte må stå seg åleine i ein avtale. Det har vi oppnådd  samt  gode tilleggsytingar som vil  vere viktige for utvikling av arbeidsplassar og kulturliv  i Fjaler.
 

Kva med forsyningssikkerheit og beredskap :

Politikarar,  innbyggarar og tilsette i Sunnfjord Energi er opptekne av arbeidsplassane på basestasjonen. Risikerer ein at forsyningssikkerheiten og beredskapen i Fjaler blir svekka om ein bytter SE-aksjane i BKK-aksjar?

Det vil framleis vere Sunnfjord Energi som har ansvaret for forsyningssikkerheiten i Fjaler. Sunnfjord Energi vil ha dei same krava på seg som tidlegare, og det er ikkje noko som tyder på at dei har planar om endringar.

BKK seier at dei  generelt er opptatt av forsyningssikkerheit og beredskap, noko som viser igjen i NVE sin årlege statistikk over gjennomsnittleg antal avbrot og reperasjonstid per kunde. Der har BKK færre avbrot per kunde og raskare reperasjonstid enn Sunnfjord Energi. BKK er elles opptatt av at montørane har lokalkunnskap og at oppmøtestaden for montørar er nærast mogleg der arbeidet skal gjerast. Så er det slik at korkje Sunnfjord Energi,BKK eller andre selskap kan garantere arbeidsplassar langt inn i framtida,men det er ingen teikn på at det blir endringar i basestrukturen.

 

Kvifor ville ikkje BKK akseptere ein fusjon mellom SE og SFE?

Over tid ville fusjonen føre til færre tilsette i eit fusjonert selskap. Kundane ville ikkje fått fordelar av fusjonen då det ikkje ville  vorte lågare nettleige,tvert i mot ville ein i forsyningsområde risikert høgre nettleige.

Eigarkommunane og BKK ville vorte innelåst i ein struktur som på sikt ville forringa verdiane.
 

Kva med å gå saman med dei andre eigarkommunane i SE i eit holdingselskap for å få større innflytelse i BKK?

Fjaler og dei andre eigarkommunane vil kunne gjera akkurat det samme om dei samarbeider etter ein fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK.

Dei mindre kommunale eigarane i dagens BKK – kalla landkommunane – samarbeider om styrerepresentasjon i konsernet.

Rådmann sitt framlegg til kommunestyre er : Kommunestyret sluttar seg til forhandlingsutvalet sitt resultat og  gir ordførar og Rådmann fullmakt til å forhandle endeleg avtale basert på framforhandla aksjebyteforhold med garantiar og tilleggsytingar.

BKK kjem til kommunestyre og presenterer seg på måndag og denne delen av saka vert streama så det er muleg å følgje med på Kommune TV.