Fiberutbygging i Fjaler

I samarbeid med NKOM og Vestland fylkeskommune har Fjaler kommune lyst ut konkurranse for å bygge fiber for fleire områder i kommunen (sjå kart).

For kvart område har kommunen inngått avtaler med høvesvis Enivest as, Nettstar as og Telenor as om leveranse av fiber med tilhøyrande tenester. Valgt leverandør har ansvar for å inngå avtaler med grunneigarar og å planlegge og framføre av fiberkablel til tomtegrense i grøft, eller til husvegg via luft/stolper innanfor sitt område.

For å fullfinansiere fiberutbygginga vert det gitt tilskot frå det offentlige som Fjaler kommune betaler direkte til utbyggar. I tillegg må kvart abonnement betale etableringsgebyr og abonnement til leverandøren av tenesta.
 

Oversikt over kva leverandør som har ansvar for dei enkelte områda
 

Kart over breibandsutbygging i Fjaler (PDF, 13 MB)


Enivest AS (raud fage i kartet)

Lammetun – Lutelandet - Korssund
Hellevik
Bortheim
Fjorden frå Sætenes til Sunnfjord grense
 

Nettstar AS (blå farge i kart)

Eika - Gjølanger – Tysse - Elde
Espedal- Hellebust- Nautsund – Hovlandsdal- Bjordal Svartefoss
Dale - Berge - Gota – Skadal – Strand-  Vassdal
 

Telenor AS (Grøn farge i kart)

Straumsnes
 

Område som gjenstår er:

Haugland- Gunnhildneset- Rennestraum – Hellebust
Gallefoss – Grense til nabokommunane Høyanger/Sunnfjord

Kommunen vil inngå kontrakt med utbyggar for desse områda før sommerferien 2022 og er venta ferdig utbygt hausten 2023.

 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål som gjeld bestilling, kontrakt og status må du ta kontakt med leverandøren for ditt område.

Kommunen sin kontaktperson er Arne Strand.