Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Endring av kommunedelplan for Dale - høyring og offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 vert framlegg til endring av kommunedelplan for Dale lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring.

Klikk for stort bilete  

Formannskapet gjorde i møte 24.09.2020 i sak FOR-123/20 følgjande vedtak:

I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 vert planframlegg til kommunedelplan for Dale - endring Øyra og Vollamyra, datert 15.09.2020, sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for bygging av ny gravplass på Øyra.

Plandokumenta er utarbeidde av Fjaler kommune.

 

Innspel/merknader

Frist for å komme med innspel/merknad til planframlegget vert sett til 6 veker. Frist vert sett til 20.11.2020.

Innspel/merknadar merkast med sak 20/744 og registrerast på skjema på kommunen sine heimesider https://www.fjaler.kommune.no/sd/skjema/FKO049/

eller i post til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.
 

Plandokument

Alle plandokument er lasta opp i PDF-format under. Plankartet kan også sjåast digitalt på www.kommunekart.com. Zoom inn på det aktuelle området, trykk på "Kartlag" i øvre venstre hjørnet, merk av "Arealplan" og "Kommunedelplan for Dale - endring 2020" i menyen til høgre.

Plandokument:

- Plankart (PDF, 5 MB)

- Føresegner (PDF, 679 kB)

- Planomtale (PDF, 8 MB)

- ROS-analyse (PDF, 2 MB)

 

Vedlegg:

- Uønskt hending - erosjon (PDF, 485 kB)

- Uønskt hending - flaum Hatledalselva (PDF, 488 kB)

- Uønskt hending - flaum Storelva (PDF, 491 kB)

- Uønskt hending - stormflo (PDF, 475 kB)

- Uønskt hending - vatn (PDF, 488 kB)