Digitalt tankeviruskurs for elevar og lærlingar i Vestland

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Frist for å melde seg på er 12. september. Dei som melder seg på deltek anonymt og digitalt.

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen er arrangør og kursa går i september og oktober. 

Meir informasjon og påmelding

Informasjon og påmelding finn du på Vestland fylkeskommune sine nettsider