Digital utsending av fakturaer

digital_postkasse_illustrasjonsbilde_2.jpg - Klikk for stort bilete Fjaler kommune vil i løpet av oktober gå over til å sende faktura digitalt til våre kundar.
Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein av avtalane som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen.

Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

Fakturaen frå kommunen til deg blir sendt som fylgjande:

 

Avtalegiro eller eFaktura

Dersom du allereie har ein avtale med oss om Avtalegiro eller eFaktura, vil du fortsatt få fakturaen som før.

Vipps Faktura

Faktura via Vipps  føreset at du er brukar av Vipps,har aktivert tenesta "Vipps Regninger" og har registrert eit gyldig mobilnummer i vårt kunderegister. Kontakt oss på post@fjaler.kommune.no om du ynskjer å få registrert mobilnummeret ditt. Meir informasjon finn du på Vipps.

Digipost eller eBoks

Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege. Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du på Norge.no,  Digipost og eBoks.no.

E-post

Faktura blir sendt som vedlegg til e-post. Dette føreset at du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kunderegisteret vårt. Du kan kontakte oss på post@fjaler.kommune.no om du ynskjer å få registrert e-postadressa di.

Tilbod om å inngå eFaktura-avtale

Om du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du få ein e-post med tilbod om å inngå eFaktura-avtale med Fjaler kommune. E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere slik avtale. Det er sjølvsagt valfritt om du ynskjer å inngå slik avtale.

Konsekvensar for deg som nyttar brevgiro

Den nye fakturaen frå Fjaler kommune er utan bankgiroblankett og kan ikkje nyttast til brevgiro. Då må du bruke ein tom bankgiroblankett og fylle ut naudsynt informasjon. Informasjonen som skal fyllast ut finn du på den tilsendte fakturaen frå oss. Tomme bankgiroblankettar får du i din lokale bank.