Digital postkasse - les breva dine på mobil

Skaff deg digital postkasse og få breva raskare - rett på mobilen eller datamskina di. Digital postkasse er internett sitt svar på din vanlege postkasse. Er du klar til å ta imot posten digitalt? 

digital_postkasse_illustrasjonsbilde_2.jpg - Klikk for stort bilete

 Fordelane med digital postkasse

  • Du får breva dine raskare enn på papir
  • Breva er tilgjengelege over alt der du har internett
  • Posten vert lagra trygt og du slepp å rote papirbreva vekk
  • Du sparar miljøet med mindre avfall og transport

 

Kva treng eg for å opprette ein digital postkasse?

Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil.

 

Korleis får eg digital postkasse?

Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post.

 

Opprett Digipost

 Opprett e-Boks

 

Korleis veit eg at det kjem post til meg?

Når du får digital post vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du at noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn i din postkasse med BankID, MinID, Buypass eller Commfides.

 

Nyttig å samle posten frå det offentlege ein stad

Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette digital postkasse der du får samla all post frå det offentlege.

 

Alt du treng å vite om digital postkasse finn du på norge.no

Publisert av Elin Ullebø Ulvik. Sist endra 10.11.2017 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering