Detaljreguleringsplan for Steia tun - vedtak av plan

Kommunestyret gjorde i møte den 29.04.2019 i sak KOM-045/19 følgjande vedtak:

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Steia tun vedteken, med plankart og føresegner datert 17.04.2019.

Kommunestyret ber utbyggar gå i dialog med eigar av Jakob Sandes veg 40 og få til ei omforent løysing.

Klikk for stort bilete

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. plan- og bygningslova §§ 1-9, 12-12 og forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå det tidspunkt kunngjering om vedtak er komme fram til vedkomande part. Krav om erstatning og innløysing etter plan- og bygningslova må vere framsett innan tre år etter kunngjeringa.

Ei eventuell klage sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no.

Frist for å sende klage vert sett til 02.08.2019 (4 veker pga sommarferie).

 

Vedtekne plandokument: