Formannskapet vedtok i møte 10.09.2018 i sak FOR-078/18 å legge forslag til detaljreguleringsplan for Solvika, gbnr 29/2, ut på høyring og offentleg ettersyn.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert det med dette varsla om offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for Solvika, gbnr 29/2, på Gjølanger i ytre Fjaler.
Publisert avGaute Lundeland
Publisert28.09.2018 15.28
Planområde
Planområdet er på ca 33 daa og er lokalisert i Solvika ved Gjølanger i ytre Fjaler.
Føremålet med planarbeidet
Føremålet med reguleringsplanen er å legge området til rette for tiltak innan akvakultur, samt infrastruktur for dette føremålet. Det vert lagt opp til etablering av smoltanlegg på land med fylling i sjø. Planframlegget legg opp til eit sjø- og ferskvassbasert anlegg for smoltproduksjon (storsmolt 100 g - 100 kg) med dei installasjonar som høyrer med eit slikt anlegg. Dette inneber mellom anna hallar for storsmolt.
Vidare saksgang
Planframlegget vil ligge ute til offentleg ettersyn i 6 veker. Når fristen er ute vil Fjaler kommune gå gjennom alle innkomne merknadar/uttalar frå berørte partar, naboar og offentlege instansar. Om det må gjerast store endringar i planframlegget vil planen leggast ut på nytt offentleg ettersyn. Om det ikkje er store endringar vil planen leggast fram for kommunestyret for endeleg vedtak. Registrerte grunneigarar, festarar, andre rettigheitshavarar i planområdet og naboar har klagerett på kommunestyret sitt vedtak, jf. plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9.
Innspel/merknad til planarbeidet
Merknadar kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 16.11.2018.
Spørsmål kan rettast til Fjaler kommune på telefon 57738000.
Plandokument