Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Detaljreguleringsplan for Lammetun til høring og offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete  

Formannskapet vedtok i møte 17.06.2021 i sak FOR-070/21 å legge framlegg til endring av detaljreguleringsplan for Lammetun ut på høring og offentleg ettersyn.

Føremålet med endringa er å oppdatere reguleringsplan i tråd med dagens bruk av området. I tillegg vert det lagt til rette for utviding av campingplass, nye bustadområder, fritidsbustadområde, småbåthamn, parkering og tilkomstveg.

 

Tiltakshavar er Frode Haugen, og plankonsulent er Sunnfjord Entreprenør AS v/Yngve Systad.

 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 skal registrerte grunneigarar, festarar, andre rettigheitshavarar i planområdet og naboar varslast særskild. I tillegg vert aktuelle offentlege instansar varsla. Frist for å kome med innspel til planarbeidet vert sett til 8 veker grunna ferieavvikling.

 

Saksframlegg med vedlegg finn du her. Oppdaterte plandokument finn du her. Plandokumenta er også tilgjengeleg på Fjalerhuset.

 

Merknadar og uttalar kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 06.09.2021.