Detaljreguleringsplan for Lammetun - høyring og offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete 
I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til endring av detaljreguleringsplan for Lammetun lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Formannskapet vedtok i møte 27.08.2020 i sak FOR-096/20 å legge framlegg til endring av detaljreguleringsplan for Lammetun ut på høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med endringa av detaljreguleringsplanen er å oppdatere planen i tråd med dagens bruk av området. I tillegg vert det lagt til rette for nye bustadområde, fritidsbustadområde, utleigehytter, naust, småbåthamn, parkering, tilkomstveg og ulike fritids- og turistføremål.

Registrerte grunneigarar i planområdet og naboar er varsla særskilt ved brev, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. I tillegg er aktuelle offentlege instansar varsla.

Frist for å komme med innspel til planarbeidet vert sett til 6 veker.

Merknadar og innspel kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 16.10.2020.

For evt spørsmål, ta kontakt med sakshandsamar Gaute Lundeland på tlf 57738045.

 

Plandokument:

- Plankart (PDF, 2 MB)

- Føresegner (PDF, 273 kB)

- Planomtale (PDF, 9 MB)

- Saksframlegg med vedtak (PDF, 743 kB)