Detaljreguleringsplan for fv. 57 (Strandenes-Nistadlia) - vedtak av plan

Kommunestyret gjorde i møte den 18.06.2020 i sak KOM-074/20 følgjande vedtak:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vert detaljreguleringsplan for Fv. 57 - Strandenes-Nistadlia, med plandokument datert 11.05.2020, vedteken.

Klikk for stort bilete  

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova.

På grunn av ferieavvikling vert klagefristen sett til seks veker frå det tidspunkt kunngjering om vedtak er komme fram til vedkomande part. Krav om erstatning og innløysing etter plan- og bygningslova må vere framsett innan tre år etter kunngjeringa.

Frist for å sende klage vert sett til 14.08.2020.

Evt. klage merkast med "Sak 17/419" og sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, eller på skjema på kommunen sine heimersider https://www.fjaler.kommune.no/sd/skjema/FKO049/.

Plandokumenta kan lesast ved å klikke på lenkjene under. Plankartet vert også publisert på www.kommunekart.com. Zoom inn på planområdet, trykk på "Kartlag" i øvre venstre hjørne, huk av "Arealplan" i menyen til høgre, under "Arealplan" huk av "Reguleringsplanar - gjeldande". 

Evt. spørsmål kan rettast til Teknisk kontor v/Gaute Lundeland på tlf 57738045 eller e-post til gaute.lundeland@fjaler.kommune.no.

Vedtekne plandokument:

 

- Føresegner (PDF, 234 kB)

- Planomtale (PDF, 14 MB)

Vedlegg:

- C-teikningar (PDF, 11 MB)

- D-teikningar (PDF, 2 MB)

- E-teikningar (PDF, 184 kB)

- F-teikningar (PDF, 203 kB)

- U-teikningar (PDF, 649 kB)

- W-teikningar (PDF, 22 MB)

- Skredfarevurdering (Sunnfjord Geo Center) (PDF, 12 MB)

- Støyfagleg vurdering (Sweco) (PDF, 8 MB)

- Utdjuping av konklusjonar kring grunnforhold (Sunnfjord Geo Center) (PDF, 698 kB)