Detaljreguleringsplan for Dingemoen skule - høyring og offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 vert framlegg til detaljreguleringsplan for Dingemoen skule lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Kart annonse - Klikk for stort bilete

Formannskapet vedtok i møte 26.11.2018 i sak FOR-103/18 å legge framlegg til detaljreguleringsplan for Dingemoen skule ut på høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med detaljreguleringsplanen er legge området til rette for bygging av ny 1-10 skule med fleirbrukshall på Dingemoen. Det skal også leggast til rette for trafikkløysing, nye parkeringsareal, gode løysingar for gåande og syklande, samt av/på stiging for buss ved skulen.

Planen utarbeidast av Fjaler kommune.

Registrerte grunneigarar, festarar, andre rettigheitshavarar i planområdet og naboar er varsla særskilt ved brev, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. I tillegg er aktuelle offentlege instansar varsla.

Frist for å komme med innspel til planarbeidet vert sett til 7 veker.

Merknadar og innspel kan sendast til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord eller på e-post til post@fjaler.kommune.no innan 18.01.2019.

 

Plandokument:

- Plankart (PDF, 2 MB)

- Føresegner (PDF, 301 kB)

- Planomtale (PDF, 4 MB)

- ROS-analyse (PDF, 2 MB)

- Analyseskjema (vedlegg til ROS-analyse) (PDF, 76 kB)

- Geoteknisk rapport (Asplan Viak & Rådgivande Agronomar AS) (PDF, 14 MB)