Detaljregulering Dingemoen, gbnr 64/12 - oppstart av planarbeid

Klikk for stort bilete

”Kunngjering etter Plan og bygningslova (PBL)

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette gjeve melding om planoppstart av privat detaljreguleringsplan for del av gbnr. 64/12 på Dingemoen i Dale, Fjaler kommune.

Avgrensinga av planområde framgår av vedståande oversiktskart.

Planområdet er på ca 13,0 daa, og er tenkt nytta til konsentrert bustadutbygging.

 

Arealbruken til bustadformål er i samsvar med overordna kommunedelplan for Dale.

Planområdet vil få køyretilkomst frå tilgrensande fylkesveg (fv 57) i aust.

Tiltakshavar er Harald Loneland, 6817 NAUSTDAL.

 

Event. merknader til oppstart av planarbeidet skal rettast til:

Siv.ark. Kjartan Myklebust, p.b. 447, 6801 FØRDE

med kopi til Fjaler kommune, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord. Epost: post@fjaler.kommune.no.

 

Merknadsfrist: 11.09.2019.”