Delta i Fjaler kommune si innbyggarundersøking

I desse dagar skal innbyggarane i Fjaler kommune motta ein SMS med lenke til ei innbyggarundersøking. Vi ønsker at flest mogleg skal delta!

Kvifor bør du delta?

Fjaler kommune er i gang med å revidere kommuneplanen sin samfunnsdel som er kommunen sin viktigaste og mest overordna plan. I samfunnsdelen blir dei viktigaste målsettingar og satsingsområde for komande planarbeid definert. Innspel frå innbyggarane er svært viktige når adminstrasjonen og folkevalde skal gjere prioriteringar i framtida. Spørreundersøkinga er anonym og det tar berre 5-10 minutt å fylle ut skjemaet.

Korleis kan du delta i undersøkinga?

Du kan delta i spørreundersøkinga på tre måtar. 

  • SMS: Du kan trykke på lenka i SMS-en som du får tilsendt.
  • Kommunen si heimeside: Du kan klikke på lenka som du finn i denne artikkelen. Du kan svare enten på datamaskin, nettbrett eller smarttelefon.
  • Papirskjema: For dei som ikkje er digitale, er det mogleg å hente papirskjema i Fjalerhuset. Ferdig utfylt skjema kan du levere i postkassa som du finn ved publikumsmottaket i Fjalerhuset.

Vi ber om svar seinast innan 26. januar.

Svar på Fjaler kommune si innbyggarundersøking