Dans, teater og musikk før skulestart?

Klikk for stort bilete For deg over 11 år og oppover! Vonar nokre foreldre les dette: Siste veka før skulestart 12. – 17. august , skipar Den Mangfaldige Scene (DMS)  i samarbeid med den internasjonale (Jon) Fosse - festivalen i Oslo ein verkstad / sommarleir der du kan vere med i lag med sju ungdomar frå Oslo. Dette skjer i Dale og Jakob Sande-tunet er basen og er eit ledd i utviklinga av "Jakob Sande-senteret"

 

 

Klikk for stort bilete Jon Werede

Det er Jon Werede Hope frå Dale som er koordinator for denne verkstaden / sommarleiren  i Dale. Han skulle alle kjenne;  han bur i Oslo no, men er nettopp ferdig med eit vikariat som folkehelsekoordinator i Fjaler. Han er dansar og koregraf sjølv. 

 

Desse to instruktørane skal leie verkstadane:

Klikk for stort bilete Edwin Cabascango
Edwin er dansar, koreograf og lærar med base i Oslo. Han har studert dans ved blant anna Kunsthøgskulen i Oslo og Norges dansehøgskule. Dei siste 5 åra har han halde verkstader i Korea, Sverige, Ungarn, Litauen og Ecuador. I verkstaden utforsker vi fysikalitet ved å kople saman samtidsdans med kampsportar som systema, wu shu og tai.
 

Klikk for stort bilete Emil Rodrigo Jørgensen
Emil er skodespelar og tilsett på Det Norske Teatret i Oslo. I 2018 blei han uteksaminert frå bachelorstudiet Det Multinorske og har sidan då jobba med regissørar som Vidar Magnussen og Maria Kjærgaard Sunesen. For augneblinken spelar han i The Book of Mormon. I verkstaden vil vi utforske stemmene våre og korleis vi kan bruke dei til å påverke ei scene. Gjennom teaterøvingar kjem vi til å bygge tryggleik og samspel.

 

Meir info for deg som har lyst å delta!

Det er tenkt ei lita framsying laurdagen av det som har vore jobba med, så det er fint om du blir med heile veka. På laurdagen vil og gruppa som jobbar med Septologien frå Jon Fosse ha ei framsyning. Dette stykket, Minutt til solnedgang, er ein del av Fosse-festivalen og skal ha premiere i Oslo

Det vil komme meir informasjon om pris, tidspunkt og lokalitetar fortløpande.

Interesse kan meldast til Jon Werede Hope

epost hope.jonwerede@gmail.com eller 97649224

Sjå etterkvart facebookhendingar for sommarleiren og framsyninga