Dalsfjordveka 4.-13. august 2017

CROCKEDLAMversjon1.jpg - Klikk for stort bilete

 Kulturopplevingar er overskrifta også på årets Dalsfjordveke – som faktisk vert arrangert for 20. gong i 2017.

Målet med Dalsfjordveka er å løfte større kulturarrangement, skape ein felles identitet og vise fram bredda i kulturlivet i regionen. Vi ønskjer å trekke folk til vår region, og vere med å gje både lokalbefolkning og tilreisande kulturelle opplevingar og aktivitetar.

Foto Tine Poppe.jpg - Klikk for stort bilete

Krabbefestivalen på Atløy

I år er fyrste året at Krabbefestivalen på Atløy er ein del av Dalsfjordveka. Dei slår på stortromma med Klypashowet «Med prostata mot stjernene» - men har sjølvsagt også krabbebord, teinestafett og fleire arrangement retta mot tema.

TiTur Dalsfjorden

Det er merka 10 fjelltoppar i Askvoll og Fjaler som du kan registrere deg på på appen SjekkUT mellom 1. juli og 30. september i samarbeid med Indre Sunnfjord turlag – og under Dalsfjordveka er det organisert tur til to av desse toppane. Det vert Bakkekletten over måndag 7. august og Dokka onsdag 9. august. Begge desse toppane har utgangspunkt i Holmedal og før tur til Dokka vert det opning av Trollfossbrua med barneteater og historisk vandring.

Kulturvandring og Arnarsonmila

For dei som ynskjer å spasere i rolegare tempo er det opning av to kulturvandringsløyper som har vorte etablert i samarbeid med Fjordkysten. Vandringa i Dale vert opna laurdag 5. august og tar utgangspunkt i Jakob Sande og diktinga hans mens vandringa i Askvoll går i fotspora til målaren Anders Askevold og vert opna tysdag 8. august. For dei som ynskjer større fart kan hive seg med på det aller fyrste Arnarsonmila som er eit løp på 10 km frå Arnarson-statua i Rivedal  til Dale. Det vert også barneløp. Det er målgang på desse løpa under torgdagen i Dale.

Gaularspel, Vikingfestival og Aurefiskefest

Gaular er aktive i år med både Aurefiskefest 10-12. august og Vikingfestival med Gaularspelet Kjærleiksaum. Aurefiskefesten finn stad i Viksdalen, Haukedalen og Hestadgrend. Her er det noko både for dei fiskeinteresserte og kulturinteresserte sidan det vert konsertar fleire stader desse dagane. Osen gard er base både for Gaularspelet og Vikingfestivalen laurdag 12 og sundag 13. august. Her får ein teater med historisk sus og bli presentert for mat og aktivitetar frå vikingtida.

Kobbeskjerkveld på Haugland

Ein fast tradisjon i Dalsfjordvekeprogrammet er Kobbseskjerkvelden. Veterantbåten Atløy stiller saman med mange andre fine trebåtar – og saman reiser orkester og publikum innover Flekkefjorden og samling ved Kobbeskjeret der Jakob Sande hadde hytte. Her vert det ei fin stund med allsong, diktlesing og god musikk på fjorden.  Når ein kjem i land så inviterer sjølvaste Toralv Maurstad til teaterframsyninga «Tordis+ Alfred= Toralf» som handlar om Maurstad sin oppvekst med skodespelarforeldre. Sjølv om han er over 90 år så kviler ikkje denne karen på laurbæra.

I tilleg til dette vert det Kystkulturdag på Jensbua, Litteraturpub med Sivert Nesbø, Dansens dag med seniordans i Askvoll, torgdag og gatefest i Dale og med ein flott avslutning på veka med Bach-aften i Vilnes kyrkje på Atløy.

For meir informasjon sjå heimesidene til Askvoll, Gaular og Fjaler kommune eller sjå Dalsfjordveka på Facebook. Mange arrangement har også eigne heimesider.

Program Dalsfjordveka (PDF, 3 MB)

 

Publisert av Ingeborg Opdøl Tysnes. Sist endra 06.07.2017 av Elin Ullebø Ulvik
 
 
Login for redigering