BUA Fjaler er open!

Gratis utlån av fritidsutstyr - Klikk for stort bilete Endeleg er det mogeleg å låne gratis fritidsutstyr i BUA Fjaler! Gå til bua.io, finn BUA Fjaler og sjå kva for utstyr som er i Fjaler no. For å låne, må du registrere deg.  Du/ dei som er under 18 år, må ein vaksen over 18 registrere deg/ dei.

 

Kva kan eg låne?

Til no har BUA Fjaler til utlån alt frå sovepose og liggjeunderlag, telt og stormkjøken til skateboard, hjelmar, syklar, ulike akebrett og ski/stavar  med meir. Og mykje meir kjem etterkvart! Gå til bua.io og sjå kva som finnst i BUA Fjaler!

Kor ligg BUA Fjaler?

Du finn fritidsutstyret på Samvirket (gamle Coop-bygget ) midt i Dale.  I andre høgda er administrasjonen/ Frivilligsentralen med den eine utstyrsdelen og der du må møte om du vil låne noko.  Den andre delen med større utstyr som ski/stavar, akebrett, syklar, skateboard står nede og vil etterkvart plasserast i det gamle bossrommet til Coop, så det blir enkelt å ta ut gjennom den store porten.

Registrer deg

Gå til www.bua.io og registrer deg med namn, fødselsdato og epost, vel BUA Fjaler som din stad ved å klikke på kartet. Du må vere over 18 år for å vere lånar, men kan leggje til ein eller fleire som er under 18. Du kan som leiar/ kontakt i ein organisasjon eller på ein skule, låne for fleire. Om du treng hjelp til dette, kan Frivilligsentralen hjelpe deg.

BUA

står for Barn/ Unge/ Aktivitet  og er ein nasjonal,  ideell organisasjon som gjer det enklare for spesielt barn og unge å delta i leik, sport og friluftsliv. Fjaler kommune har inngått ein avtale med BUA . Det finns rundt 80 BUA-utlånsordningar i landet. Det fine er at når du har registrert deg, kan du låne utstyr i andre BUA om du skulle vere på t.d. ferie ein stad.. Sjå kartet kor dei ligg.

Fjaler er det andre kommunen i Sogn og Fjordane som opnar BUA utlånsordning etter Eid kommune.

For å kunne kjøpe inn alt utstyr, har vi hittil søkt og fått støtte frå Bufdir og frå Gjensidigestiftelsen og fått ei julegåve frå Gresvig gjennom BUA nasjonalt.

Opningstid for BUA Fjaler

Dei faste opningstidene er pr i dag måndag og torsdag kl 14.30 -19.00 som er same tid som "ungdomsmøteplassen" på Samvirket. Om tida ikkje høver deg, er Frivilligsentralen open kvar dag.  

Ring først for å vere sikker å finne oss. Frivilligsentralen tlf 57738020 eller mobil 99548767