Bli med på informasjonsmøte om "Menn i helse" - Helsefagarbeidarar til kommunesektoren, kull 2025

Fjaler kommune søker no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil få tilbod om ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom “Menn i helse”. Menn i helse skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er vi på leiting etter nye deltakarar til kull 2025.

Gjennom Menn i helse får vaksne arbeidssøkjande menn moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar. Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vere alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå Nav og løn frå kommunen.

Promobilde for menn i helse kull 2025. Mann med timmelen opp og ein plakat i den andre handa, der det står "Søk no" - Klikk for stort bilete

Informasjonsmøte i Dale 23. januar 2025:

Ta sjansen på å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det vert gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler sine erfaringar og anbefalingar.

Tid, stad og påmelding:

  • Informasjonsmøtet er torsdag 23. januar klokka 09.00-10.30 på beredskapshuset i Dale. 
  • Adresse: Fjaler beredskapshus, Dalstunet 34, 6963 Dale i Sunnfjord
  • Du melder deg på gjennom lekkja på Nav sin heimeside:

     Påmeldingsskjema, menn i helse, Dale 23.01.2025
     

På møtet vi det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. Nokre veker etter møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller liknande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita!

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Eller kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!

Har du spørsmål om Menn i helse?

Ta kontakt med fylkeskoordinator: Øystein Johannessen

• Telefon: 908 34 919
• E-post: Oystein@mennihelse.no

Les meir på nettsida Menn i helse
 

Kontaktperson Øystein Johannesen - Klikk for stort bilete