Billigare å reise med buss frå 20. juni!

   Frå 20. juni blir det nye bussprisar. Vestland fylke får felles prisar og betalingsmåtar på buss.

20. juni innfører Skyss nye bussprisar i Sogn og Fjordane, etter fylkestinget sitt vedtak i desember. Vestland fylke får dermed felles prisar og betalingsmåtar for buss.

Endringa tyder at bussreiser blir billegare for dei fleste. I dag betaler ein dei fleste stader for tal kilometer ein reiser. Med sonepris vil ein frå 20. juni betale ein fast pris, uansett kor langt ein reiser innafor sona. Innanfor ei sone vil ein enkeltbillett koste 40 kroner for vaksen. Med sonepris blir det ekstra billeg å reise langt. Til dømes har ein 30-dagarsbillett mellom Førde og Florø før kosta 2150 kroner, medan ny pris blir 755 kroner. Minstetakst i Sogn og Fjordane i dag er 35 kr, medan ny minstetakst frå 20. juni blir 40 kr. Korte reiser vil derfor bli litt dyrare, medan dei som reiser seks kilometer eller meir vil få lik eller lågare pris. Jo lengre ein reiser, jo større blir prisnedgangen.

Sogn og Fjordane blir delt i fire prissoner, og til saman blir det ti soner i heile Vestland. Ein betaler aldri for meir enn fire soner. Dei nye soneprisane vil gjelde på Skyss sine busslinjer og ikkje på ekspressbussar.

Nye aldersgrenser for barn

Alle rabattordningar for buss blir også like i heile Vestland, og aldersgrensa for barn blir endra i Sogn og Fjordane. Barn vil no reise gratis på bussen til dei fyller 6 år, og dei kan deretter bruke barnebillett heilt til dei fyller 18.

Laurdagar, søndagar og offentlege fridagar blir det familierabatt. Med familierabatt kan ein reisande over 18 år ta med seg inntil fire barn frå 6 år til og med 17 år, gratis på bussen. Den vaksne må ha gyldig billett.

Kjøp billett med mobilen

Alle bussreisande i Vestland kan frå 20. juni bruke appen Skyss Reise til å kjøpe billett. I appen kan ein kjøpe alle typar bussbillettar. Brukar ein appen, må ein kjøpe billetten før ein går om bord og vise fram billetten til sjåføren. Det går framleis fint å kjøpe billett på bussen, kontant eller med bankkort. Hos sjåfør kan ein kjøpe enkeltbillett og 24-timarsbillett, men ikkje periodebillett.

Reisande i Sogn og Fjordane kan frå 20. juni også kjøpe bussbillettar i Skyss nettbutikk (skyss.no/nettbutikk) og bruke SMS-billett. Ved å sende ei tekstmelding med VAKSEN, BARN eller HONNØR til 2412, får ein ei tekstmelding i retur som gjeld som bussbillett for ei sone i 90 minutt.

Gruppereiser

Dersom ei gruppe på 15 personar eller meir skal reise med bussen saman, må dei gi beskjed til busselskapet 24 timar før reisa startar. https://www.skyss.no/reise/ha-med-om-bord/gruppereiser/

Særskilt om voucher

Frå 20. juni er det ikkje lenger mogleg å kjøpe periodebillett med voucher på bussen. Ein må kjøpe billett i appen Skyss Reise eller Skyss nettbutikk (skyss.no/nettbutikk).

Skyss jobbar med ei bedriftsløysing som skal testast før sommaren. Dette er i første omgang ei fakturaløysing i app, som seinare også vil kome i nettbutikken.

Meir informasjon

 https://www.skyss.no/reise/aktuelt/kringom-blir-skyss/