Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Vaksinering  |  Testing

Vaksinespørsmål: 57 73 80 00 (kvardagar 09.00–14.00)

 

Bestilling av time til Influensavaksine- og informasjon om 3. dose med koronavaksine

Illustrasjon av vaksine - Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet
Ta kontakt med legekontoret på telefon 57 73 81 80 for å bestille deg time for å ta influensavaksine. 

Vi forventar å få vaksineleveringa til legekontoret 20. oktober. 


Det skal gå minst ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine

Vi planlegg difor vaksinering med koronavaksine 3. dose frå veke 46. Vi kjem med nærmare informasjon etter kvart.


Målgruppe for influensavaksinering (FHI):

  • Busette iomsorgsbustad og på sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal og få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma), hjerte- og karsykdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og sammensatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader)

I tillegg anbefaler FHI influensavaksine til:

Les meir om influensavaksine på folkehelseinstituttet sine heimesider