Beste video om kulturminne

Elevar ved Flekke skule mottek pris 1 - Klikk for stort bilete Ole Johannes Øvretveit



På kommunestyremøte 22. oktober 2018 vart dei fire bidraga til konkurransen om beste kulturminne kåra.

 

Det var sendt inn fire svært gode bidrag frå Flekke skule, dei andre skulane i kommunen hadde ikkje sendt bidrag til konkurransen.

Vi fekk høyre to elevar frå Flekke skule fortelje korleis dei hadde gått fram under arbeidet med å lage videoane. Kommunestyre fekk deretter sjå alle videoane, og alle bidraga fekk velfortent applaus. Ordførar Gunnhild Berge Stang kunne på vegne av juryen dele ut pris på 10.000 kr til Flekke skule for filmane: Bekkerhuset, Den trondhjemske postveg, Åsnes skifabrikk og Fredensborg. Ho uttalte at det var flotte videoar som heldt høg kvalitet med godt skodespel og gode tekstar og at desse videoane kan nyttast av mange når det gjeld å presentere kulturminne i kommunen!
 

Juryens vurdering av dei innkomne videoane:

 

Flekke skule, Bekkerhuset
 

Elevane er i sjølve kulturminne som dei presenterer, og forteljaren går ryddig og stødig gjennom historia til Bekkerhuset. Artig detalj er tenestepikene med kjole og forkle som rer opp sengene i takt, og vidare Christian Bekker som ser etter bøker i det rikhaldige biblioteket. Det er nesten som ein kan føle at ein er i ei anna tid, noko som toppar seg med servering av te frå gamalt porselen og den stemningsfulle musikken i bakgrunnen.

 

Flekke skule, Fredensborg
 

Videoen begynner så fint med skodespelarane som kjem ut av Lillingstoneheimen og skal spasere seg ein tur til Fredensborg. Tidsriktige kostymer, damene med skaut og herren med hatt og stokk! Det er reine høgtidsstunda når følgjet respektfullt legg ned blomar på grava, og musikken er med å ramme inn stunda. Også her går forteljaren ryddig og stødig gjennom historia til Fredensborg.

 

Flekke skule, Postvegen
 

Filmen begynner med ein velkjent melodi frå Grieg, kjent frå Norge rundt og passer veldig godt inn i filmen. Juryen likar veldig godt når postbodet fløyter at han er på plass, og jentene strømmer til frå ur og hammar for å få posten sin. Filmen viser mykje glede og engasjement, ein kan fornemme kor viktig postvegen eingong var. Avslutninga med dagens bruk av postvegen bringer tidsepokane saman, forteljaren tar oss elegant gjennom historia til postevegen.

 

Flekke skule, Skifabrikken


Filmen tek oss gjennom historia til ein tidlegare stor og viktig arbeidsplass i Fjaler. Skodespelarane er i fabrikken og spelar arbeidarane i fabrikken på ein god måte i dei gamle produksjonslokala. Vi får og sjå nokre av skia som er produsert gjennom ein  lang tidsepoke, og vassmagasinet dei henta straumen frå. Vi får ein god, kronologisk gjennomgang av den tidlegare viktige hjørnesteinsbedrifta på Åsnes.

 

Kåring
På bakgrunn av at filmane har mange likhetstrekk med ein forteljar som stødig tek oss gjennom historia, gode skodespelarar med stor innlevingsevne i alle filmane og  fin musikk som levandegjer kulturminna har juryen hatt problem med å kåre ein vinnar. Juryen er imponert over arbeidet som er levert, og har vald å gje Flekke skule prisen for beste kulturminne samla for alle 4 kulturminna.

 

Jury: Geir Grytøyra, Liv Synnøve Andersen, Stig Nordrumshaugen og Gunnhild Berge Stang

 

Sjå videoar av alle fire bidraga her