Arena Dingemoen

Arena Dingemoen 1995..JPG - Klikk for stort bilete Både idrettslag, skyttarlag og kommunen sjølv har planar for korleis ein skal utvikle øvre og nedre Dingemoen. Kommunen ynskjer ein heilskapleg plan og har invitert arkitektkontoret Arki til å lage denne. Vi har leita i gamle arkiv og førre heilskaplege plan vart laga på 90-talet (sjå bliete). Vi har invitert institusjonar og organisasjonar som vi veit har planar for området til å komme med sine innspel på eit ope møte onsdag 8. november kl. 17.00-19.00 i kommunestyresalen på Fjalerhuset.  

god gammaldags trening - Klikk for stort bilete Vi ynskjer at innspela skal vera forankra i ein organisasjon eller ein institusjon - men møtet er ope for alle! Vi ynskjer også å lage ein plan for korleis ein betre kan binde øvre og nedre Dingemoen betre saman, kor ein skal legge tilrette for parkering og korleis ein skal legge tilrette for uorganisert aktivitet. 

Sist endra 07.11.2017 15:10 av Tysnes, Ingeborg Opdøl
 
 
Login for redigering