Anbefaling om ny oppfriskingsdose med koronavaksine til enkelte målgrupper
Fjaler kommune følgjer tilråding frå FHI om å tilby oppfriskingsdose til enkelte målgrupper.
Folkehelseinstituttet anbefalar ei ny oppfriskingsdose for følgande målgrupper:
- Sjukeheimsbebuarar og personar 75 år og eldre
- Personar 65 – 74 år og personar i aldersgruppa 18 – 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdom av covid-19
Merk deg følgande:
- Oppfriskingdose kan tilbys tidligast 20 veker etter siste vaksinedose.
- Tidsintervall frå gjennomgått covid-19 infeksjon til oppfriskingdose bør vere minimum 3 veker.
Tidspunkt for vaksinering
Vi er i gang med vaksinering av sjukeheimsbebuarar, bebuarar i omsorgsbustad og til innbyggarar i gruppa 75 og eldre med tenester frå heimetenesta då dei skal prioriterast.
For andre innbyggarar i dei 2 prioriterte gruppene er det lagt ut timar for bestilling til vaksinering:
Slik bestiller du time:
Du bestiller time sjølv ved å logge inn med bank-id på Remin
Bestill time til vaksinering på remin.no/fjaler
Publisert 05.07.2022 09.31