Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Aktivitetsleir på Haugland sommaren 2021

Klikk for stort bilete UWC connect   
I sommar arrangerer UWC Connect i samarbeid med Fjaler kommune aktivitetsleir på Haugland for barn frå 1-7 klasse. 

Som tidlegare år blir det mange kjekke aktivitetar - kano, kajakk, klatring, Stand up paddleboards, bogeskyting, basseng, pizzabaking, turar, bål og grilling.

Nytt i år er at tilbodet vil vere gratis for alle deltakarane. Totalt er det 60 plassar tilgjengeleg per veke og tildeling av plass vil skje etter førstemann til mølla prinsippet.

Ein kan sjølvsagt melde barna sine på begge vekene, men tildeling av plass vil då vere slik at om ein har fått plass ei veke, vil ein som står på venteliste bli prioritert den andre veka - slik at vi forsøker å gi alle som ynskjer tilbod minst ei av vekene.

Leiren vil følge smittevernsreglar som er gjeldande på det aktuelle tidspunktet.
 

Tidspunkt og påmelding:

  • Dato: veke 25 (21.06-25.06) og veke 32 (09.08 -13.08)
  • Tidspunkt: Mandag- fredag kl 08.30 -15.30
  • Påmelding: bindande påmelding* via heimesida til UWC Connect; uwcconnect.com
  • Tilbakemelding om plass: måndag 19.april

Påmelding opnar på heimesida til UWC Connect fredag 16.04 klokka 18.00
 

* Kansellering av bestilt påmelding seinare enn 2 veker før leirstart eller ikkje møtt vert fakturert direkte til føresette kroner 500