Aktiv på dag i Flekke

Samspel: naturbasert trening- og kosthaldsrettleiing - Klikk for stort bilete

Aktiv på dag utvidar og startar opp i Flekke. Instruktør vert Ingvild Kjøsnes, SAMSPEL. Fjaler kommune har søkt og fått pengar frå Helsedirektoratet si tilskotsordning med mål om å motverke inaktivitet og einsemd blant seniorar og pensjonistar. Pengane skal gå til aktivitet og transport til og frå aktiviteten i haust og tidleg vår i 2019. Dersom tilbodet er populært, kjem ein til å søkje på nytt for å kunne oppretthalde tilbodet i åra som kjem.

 

Oppstart

Oppstart 16.08.2018 i gymsalen på Flekke skule frå kl. 11.15 til kl. 12.15.
Vi håpar at så mange som mogleg ynskjer å benytte seg av tilbodet.
Det er ope for alle, og kostar kr 30,- per gang.

Transport

Treng du transport? Ta kontakt med folkehelsekoordinator Inga Haaland på tlf. 95063685 eller 57738134.

Vel møtt!