17. mai program for heile Fjaler

Norsk flagg - Klikk for stort bilete Her har du, så langt vi har klart å samle;  program for alle delar av Fjaler. Det som høyrer nasjonaldagen til er med: salutt, tog, musikk, leikar, pølser, is og brus og rømmegraut med spekemat, taler, program, dans og mykje meir.

HIPP, HIPP, HURRA FOR 17. MAI!

 

Program for 17. mai i Dale

08:00  Salutt. Korpset spelar på Yksnebjør

11:00  Gudsteneste i Dale kyrkje

12:15  Kransnedlegging ved støtta v/ 6. klasse Dingemoen skule. Allsong: «Gud signe Noregs land». Trekkspel ved Andreas Ramstad. 

12:50  Oppstilling til barne - og folketog ved Helsetunet
Rekkefølgje: Norske flagg – Dale musikkorps – Dingemoen skule – UWC – Barnehagane – Dale ungdomslag – Dale idrettslag – Dale bondelag – andre.

13:00  Salutt. Musikkorpset spelar «Ja vi elsker», så går toget
Rute: Frå Helsetunet – hovudvegen mot Trudvang – Fjalerhallen

13:20  Matøkt i Fjalerhallen og leikar på idrettsbana

14:00 Programfest. Korpset spelar, tale for dagen ved Tore Storehaug, barneleikarringen, russetale, UWC, allsong: «Fagert er landet». Trekkspel ved Jan Haugen

Ca. 15:30 Vel heim!

 

17. mai i Flekke

11.45 Oppstilling av toget på skuleplassen

12.00 17. mai-toget går frå skuleplassen til Joker og opp i ungdomshuset

12.30 Program i ungdomshuset. Velkomen, tale ved Leonie Koning og programinnslag.

13.30 Sal av graut m/ spekemat, pølser og is i kiosken. Leikar på skuleplassen og natursti

20.00 Festprogram i ungdomshuset. Velkoemen, allsong, programinnslag , Biondeguten, finalar og premieutdeling. Dans med Dalsfjorden spelemannslag

Billett: Vaksne over 15 år kr 100,- .Barn 6-15 år kr 20,- . Barn under 6år: gratis

 

17. mai feiring på Straumsnes

I grendahuset.

13.30 Ord for dagen v/ Roar Mo

Allsong, leikar og konkurransar, sal av rømmegraut, risengrynsgraut, pølser, is og brus, kaffi og kaker.

 

17. mai feiring på Hellevik

v/ butikkbygget

Program for dagen:
Kl 10.30 Folketog med Dale musikkorps
Kl 11.30 Program med musikk og tale for dagen

Etterpå vert det tradisjonsrik feiring med rømmegraut, program, konkurransar, is, leik og moro!

Vel møtt store og små!

For matservering vil vi gjerne vite omtrent kor mange som kjem. Påmelding på Facebook, SMS påmelding til Merete tlf 901 62 770 eller lever svarslipp i butikken (hent i kassa i butikken)

 

17. mai -programmet på Våge/ Ytre Fjaler

Dagtid 17. mai:

kl 11.00 Gudsteneste i Folkestad bedehuskapell

11.45 Toget går frå kapellet til grendahuset. Jan Baug spelar skarptromme

12.30 Samling ved grendahuset. Allsong. Tale for dagen ved Hans Stav. Program med barn og ungdom.

14.00 Samling ved skulen. Sal av rømmegraut, kiosk og leikar

16.45 Premieutdeling

17.00 Vel heim

Om kvelden i grendahuset

Revy kl 20.00 (dørene opnar kl 19.00) Kiosk. Ca kl 22.00 Dans ved Torbjørn Gran. Sjå eige oppsett. Arrangør er Framhug ungdomslag

 

17. mai-programmet på Guddal

10.30 Oppmøte ved Guddal skule og barnehage

10.45 Tog. Vadheim musikklag spelar.

11.30 Sal av mat, is og brus

13.00 Gudsteneste i Guddal kyrkje

14.00 Leikar / mat

16.00 Premieutdeling

16.15 Vel heim

Vadheim musikklag kjem, tradisjonen tru, også i år til Guddal, sjølv om vegen er stengt på Ullebø og dei må ta vegen om Sande!

Om kvelden i ungdomshuset

20.00 Sketsjar, song og dans ved ungdomslaget og 4H

4H står for underhaldning frå scena. Rigging til dans etter ein pause med sal av pølser og brød, kake, kaffi og brus.

Inngang: kr 50 for vaksne og kr 20 for born (gratis for medlemar av 4H)